Loading Events

DEN VARME PUSTEN PÅ RUTA

Alt skulle starte med den varme pusten på ruta. Dogg som legg seg som ei tynn hinne der. Ein augneblink og så borte. Skriv namnet ditt på ruta. Så er det sant. Så har eg sagt det. Som å kviskre det høgt for seg sjølv. Krafta i det å skrive noko. Krafta i det å kviskre det eller rope det høgt. Trekk pusten djupt og pustar ut sanninga, eller noko som nærmar seg sanninga.

Denne installasjonen er eit samarbeidsprosjekt mellom lyskunstnar Evelina Dembacke og komponist og tekstforfattar Gyrid Nordal Kaldestad. Dei har gjennom hausten 2020 og våren 2021 utveksla tankar om stillstand og endring, om det varige og det forgjengelige i ei underleg tid. Saman utforskar dei korleis rommet kan bli noko som pulserar og endrar seg gjennom det lydlege og visuelle. Målet er at ein kan oppleve noko både frå utsida og innsida av gallerirommet – tett på og på avstand. Eit levande rom som lyser opp i den mørke tida på året.

Teknisk tilrettelegging er gjort av Eirik Blekesaune. Prosjektet er en del av Kaldestad sitt kunststipendiatprosjekt ved NTNU.

 

Evelina Dembacke har bakgrunn som lysdesignar for scenekunst. Dembacke arbeidar i grenslandet mellom lyskunst, lysdesign og fotografi, og tar ofte med seg det visuelle materialet inn i lyssettingane sine. Gjennom tverrkunstneriske samarbeid opnar Dembacke opp for nye perspektiv, metoden gjer at kunstnarskapet stadig går i nye retningar. Gjenomgåande er den utforskande prosessen der det tidlege møtet mellom disiplinane set rammene for det ferdige verket. Naturen er eit tilbakevendande tema og Dembacke si største inspirasjonskjelde.

 

 

Gyrid Nordal Kaldestad er komponist og utøvar frå øya Stord i Sunnhordland . Ho har bakgrunn frå improvisasjon og elektroakustisk musikk og arbeider med vokal/song, liveelektronikk, feltopptak og tekstskriving for bruk i komposisjonar og installasjonar. Ho har arbeida som komponist og musikar i teater- og danseførestillingar der liveelektronikk og elektroakustiske lydbilete har vore ein sentral del av uttrykket Ho er ofte involvert i tverrkunstariske prosjekt som søkjer å sidestille kunstuttrykka . I november 2019 starta ho som kunststipendiat ved NTNU, Institutt for musikk, avdeling for musikkteknologi.

 

 

 

Jeremy Welsh & Trond Lossius

Evelina Dembacke

Jeremy Welsh & Trond Lossius

Gyrid Nordal Kaldestad

Details

Start:
October 19
End:
November 14
Event Categories:
, ,

Other

Åpningstider | Opening hours
Onsdag – søndag, 12.00 – 16.00 Wednesday – Sunday, 12 pm – 4 pm

Venue

TEKS.Studio
Nedre Bakklandet 20 C
Trondheim, 7014 Norway
+ Google Map
View Venue Website
Go to Top