Loading Events

DEN VARME PUSTEN PÅ RUTA

Lyd-, lys- og videoinstallasjon / 19.10 – 14.11.21

Den varme pusten på ruta.  
Alt skulle starte med den varme pusten på ruta. Dogg som legg seg som ei tynn hinne der. Ein augneblink og så borte. Skriv namnet ditt på ruta. Så er det sant. Så har eg sagt det. Som å kviskre det høgt for seg sjølv. Krafta i det å skrive noko. Krafta i det å kviskre det eller rope det høgt. Trekk pusten djupt og pustar ut sanninga, eller noko som nærmar seg sanninga.

Denne installasjonen er eit samarbeidsprosjekt mellom lyskunstnar Evelina Dembacke og komponist og tekstforfattar Gyrid Nordal Kaldestad. Dei har gjennom hausten 2020 og våren 2021 utveksla tankar om stillstand og endring, om det varige og det forgjengelige i ei underleg tid. Saman utforskar dei korleis rommet kan bli noko som pulserar og endrar seg gjennom det lydlege og visuelle. Målet er at ein kan oppleve noko både frå utsida og innsida av gallerirommet – tett på og på avstand. Eit levande rom som lyser opp i den mørke tida på året. 

Teknisk tilrettelegging er gjort av Eirik Blekesaune. Alle tekstar er skrivne av Kaldestad. Som lydkjelder brukar ho opptak av stemme og skriving på papp og papir og opptak av saxofon og klarinett spela av Klaus Ellerhusen Holm. Kaldestad har gjort alle lydopptak – og bearbeidingar. 

Lys – og videoarbeid er skapt av Dembacke gjennom ein hybrid av analoge og digitale metodar. Found objects og gjenbruksobjekt har ein sentral funksjon i arbeidet med komposisjonen. Materialet blir til gjennom iterasjonar der digitalt videobilete belyser dei analoge objekta 

Prosjektet er del av Kaldestas kunststipendiatprosjekt ved NTNU.

Videostill: Evelina Dembacke

Med endelause rørsler vaskar bølgene stranda rein
Sekund for sekund  dag etter dag år etter år
Viskar ut spora etter meg
Viskar ut namnet eg skriv
Det er verkeleg når eg har skrive det i sanden

Skriv namnet ditt på ein lapp
Ser lenge på lappen
Riv den i bittesmå bitar og sprer bitane i sjøen
Då er det sant
At eg har skrive namnet ditt
At det er
Og ikkje er

 

Gyrid Nordal Kaldestad (1978, NO) er komponist og utøvar frå øya Stord i Sunnhordland . Ho har bakgrunn frå improvisasjon og elektroakustisk musikk og arbeider med vokal/song, liveelektronikk, feltopptak og tekstskriving for bruk i komposisjonar og installasjonar. Ho har arbeida som komponist og musikar i teater- og danseførestillingar der liveelektronikk og elektroakustiske lydbilete har vore ein sentral del av uttrykket Ho er ofte involvert i tverrkunstariske prosjekt som søkjer å sidestille kunstuttrykka . I november 2019 starta ho som kunststipendiat ved NTNU, Institutt for musikk, avdeling for musikkteknologi.

 

 

 

Jeremy Welsh & Trond Lossius

Gyrid Nordal Kaldestad (Foto: Are Lothe Kolbeinsen)

Evelina Dembacke (1983, SE) har bakgrunn som lysdesignar for scenekunst. Dembacke arbeidar i grenslandet mellom lyskunst, lysdesign og fotografi, og tar ofte med seg det visuelle materialet inn i lyssettingane sine. Gjennom tverrkunstneriske samarbeid opnar Dembacke opp for nye perspektiv, metoden gjer at kunstnarskapet stadig går i nye retningar. Gjenomgåande er den utforskande prosessen der det tidlege møtet mellom disiplinane set rammene for det ferdige verket. Naturen er eit tilbakevendande tema og Dembacke si største inspirasjonskjelde.

 

 

Jeremy Welsh & Trond Lossius

Evelina Dembacke (Foto: Tale Hendnes)

Details

Start:
October 19, 2021
End:
November 14, 2021
Event Categories:
, , ,

Other

Åpningstider | Opening hours
Onsdag – søndag, 12.00 – 16.00 Wednesday – Sunday, 12 pm – 4 pm

Venue

TEKS.Studio
Nedre Bakklandet 20 C
Trondheim, 7014 Norway
+ Google Map
View Venue Website

Share This Story, Choose Your Platform!